Kimen

Description

Kimen (1940) er ei krass skildring av den villskapen som brått kan bryte ut hos mennesket, men er òg ei forteljing om anger, skuldkjensle og ei trassig tru på framtida.

Romanen utspelar seg på ei lita grøn øy, der garden Li blir sentrum for hendingane. Ein ukjend mann, Andreas Vest, kjem til øya. Ingen veit kven han er, og øyfolket er skeptisk til han. Så skjer det eit drap. Og med dette byrjar ei nådelaus jakt på den ukjende mannen. Alle har ei formeining om kva som har skjedd – og kva som bør gjerast.

Før Kimen var Tarjei Vesaas kjend for å skrive realistiske romanar og noveller. Men med denne boka skjer eit stilskifte i forfattarskapen, der han tek steget over i allegorien, blir meir særeigen og finn si stemme innanfor det ein kanskje kan kalle symbolsk modernisme. I dag ragar Kimen som ein av dei verkeleg store Vesaas-romanane.

PDF Tarjei Vesaas download Kimen

Tags: download, tarjei vesaas, ebook, pdf, kimen

  • Book info

    Author
    Title
    eBook formatPaperback, (torrent)En
    PublisherGyldendal
    File size0.8 Mb
    GanreFiction
    ISBN
    Pages count178
    Book rating4.65 (62 votes)
     rate rate rate rate rate
  • Related